Tor Lillemark tildelt Skogselskapets ærespris

Under ei tilstelling på Volda Turisthotell  tysdag 23. oktober fikk Tor Lillemark tildelt Skogselskapets ærespris av styreleiar Terje Kolstad.

Tor vart fødd i august 1929 og runda 85 år no, etter eit langt liv for skogbruket i fylket.


Etter utdanning som skogteknikar frå Statens skogskole Steinkjer, kom Tor til Ørsta og vart medarbeidar i skogbruksgjengen til heradsskogmeister Hans Berg i Ørsta.

Frå hausten 1953 vart Tor skogreisingsleiar for kommunane Dalsfjord og Vartdal, som då var eigne kommunar. Etter den store kommunereforma frå 1964 var Tor skogreisingsleiar i Volda, ei stilling han hadde til han gjekk av i 1994. Også etter at Tor blei pensjonist, dreiv han i mange år som tømmermålar for Nordenfjelske Tømmermåling.

Skogreisingsplanane for Dalsfjord og Vartdal vart vedtekne i 1952, begge var på om lag 4000 da, i alt 8000 da skogsmark som skulle tilplantast, og dette vart meir enn oppfylt i Lillemark si tid. Til dette trong ein særs god organisering, tilgang til planter og ikkje minst dyktige arbeidarar, og det var nettopp dette Lillemark greidde å utføre på åra frå 1952 til 1964. Det kan nemnast at i tidsromet 1952 – 1964 vart det utsett ca. 1.2 millionar planter berre i Dalsfjord, og faktisk vart 2/3 av desse plantene levert av dei lokale kontraktdyrkarane.


I alle desse åra var det ikkje berre organisering av plantearbeidet, plantemark måtte ryddast, det var difor stor aktivitet med spesielt lauvtrehogst. Syklusen vart i grove trekk hogst i vinterhalvåret, skogplanting/skogkultur om sommaren.

 

På 70 og 80-talet gjorde Widt- Endresens fond det råd å finansiere større utstyr til kommunane, noko Lillemark nytta seg av. Det vart innkjøpt traktor, vinsj og etter kvart tømmerhengar til bruk av drift av skog i Volda. I mange år organiserte Lillemark mange tømmerdrifter, ikkje minst i samarbeid med skogeigarane på Rotset, som organiserte skogsdrift på sitt området alt på 50-talet.

 

Etter at dei kommunale skogreisingsleiarane vart statlege saman med dei andre funksjonærane i land -bruket frå 1981, det vart òg endring av tittel til skogmeister, vart det vanskelegare å fokuserer så mykje på det praktiske arbeidet med skogsdrift. Stillinga i staten vart meir ei forvaltarrolle, Lillemark held likevel for det meste ”hjula i gang” med kommunal skogsdrifti si tid.

 

Tor Lillemark hadde altså ein over 40-års arbeidsdag for skogbruket og spesielt skogreisinga på Vartdal, i Dalsfjord og seinare Volda. Resultatet er meir enn godt synleg, svært mykje av granskogen ein ser i dette området er eit resltat av arbeidet til Tor Lillemark – noko det står stor respekt av.

Tor gifte seg med Ragnhild i 1954, kjøpte Rasmusgarden på Lauvstad. Tor si store interesse på bruket ved sida av gardsskogen, var hest, fjordhesten står hans hjarte nær. Han hadde følmerr i mange år, heilt til i seinare år.

 

Ved sida av det store arbeidet Tor la ned med skogbruket i Volda, og med arbeidet på garden, engasjerte han seg òg på mange andre felt.

I yngre år var han ein svært god skiløpar etter lokale tilhøve.


Seinare engasjerte han seg innan politisk arbeid, sat fleire bolkar i formannskap/k-styre, og hadde ei rekkje kommunale verv. Ikkje minst fekk han utført mykje innan si eiga bygd, som vassverk, skuleutbygging, vegar og bustadtomter m.a.

 

Tor Lillemark har med det utøvd eit stort samfunnsmessig arbeid, utover hans store innsats som skogreisar. Så det er ein stor glede for Skogselskapet i Møre og Romsdal og overrekke Skogselskapets ærespris til Tor Lillemark, han har satt varige spor etter seg med den store innsats han la til rette for innan skogbruket i fylket.

Skogselskapet i Møre og Romsdal

Spennende produkter i vår nettbutikk »

Bli medlem i Skogselskapet

Du kan enkelt bli medlem i Skogselskapet

Nyhetsbrev

siste nytt fra Skogselskapet