Stor interesse for Vel Skog i Hordaland

Vel Skog vest er inne i sin andre sesong med rekruttering av ungdommar i Hordaland. I tillegg til yrkes- og utdanningsmesser arrangerer vi vår første hospiteringstur til ein skogskule og eit arbeid med å sikre at det finst nok gode lærlingeplasser i Hordaland er i gong.

 

Yrkesmesse i Tyssedal

Då det storma som verst i Odda, reise Vel Skog Vest på yrkesmessa i Tyssedal trass stengte veger, kolonnekøyring og overbelasta fergeruter. På messa i Tyssohallen som hadde omtrent 50 påmeldte utstillare og 600 elevar var det mange av ustillarane sør for Odda som ikkje kom seg bort til hallen, det var difor fleire elever per stand og færre å konkurrere med for Vel Skog.

 Jon Svihus som er skogsoperatørlærling var med på messa. Han har vunnet ein pris for beste skogfagselev i sitt kull og har dette å seie om skogfag som fagbrev: «Det er kjempegøy for dei som har for mykje energi til å sitte stille på skulebenken».

 

Yrkesmesse på Knarvik

Yrkesmessa på Knarvik er ei messe som blir arrangert på kveldstid, slik at foreldra skal få sjansen til å være med. Det var venta omtrent 2000 besøkande over to dagar. Erlend Kvalvåg, ein skogfagselev frå lokalområdet var med og reklamerte for yrke og utdanning innan skogfag. Erlend har vært interessert i skog heile livet og ein entusiasme for faget som smitta over på dei besøkande.

 

Skogfagselev for ein dag

Hospiteringsopplegget vårt «skogfagselev for ein dag» fikk mange påmeldingar i løpet av messene. Opplegget går ut på å reise på tur til Søve vidaregåande skule i Telemark med Vel Skog og deltakarar frå heile fylket. Deltakarane får overnatt og spise på internat og være med skogfagsklassen ut i skogen for å kjenne på korleis det kjennest å være skofagselev ein dag. «vi ser at det er ei utfordring å formidle kva det faktisk vil seie å gå på skogfagslinja til elever som ikkje kjenner til skogbruket. Det er difor vi inviterer dei med på tur, slik at dei kan få oppleve det i levande live» seier Gerd Inger som er prosjektkoordinator for Vel Skog Vest.

 

Gode lærlingeplassar for Hordalendingane

Vel Skog vest har som mål å auke rekrutteringa til yrke og utdanning i skogsektoren. Det er då ein naturleg del av prosjektet å sørgje for at skogsoperatørlærlingane blir godt tatt vare på, og prosjektet har så vidt starta med å undersøke kva slags lærlingeopplegg som blir tilbudt. Gerd Inger forklarer: «Det er ei stor oppgåve for ein entreprenør å ta inn ein lærling og forplikte seg til å lære dei opp i to år. Difor ønskjer vi å legge til rette for at entreprenørane kan få støtte i form av rettleiing og eventuelt knytte fleire bedrifter samen som kan ta vare på lærlinger samen.» 

Skogselskapet i Bergen og Hordaland

Spennende produkter i vår nettbutikk »

Bli medlem i Skogselskapet

Du kan enkelt bli medlem i Skogselskapet

Nyhetsbrev

siste nytt fra Skogselskapet