Vel Skog Vest - 2014 oppsummert

Vel Skog Vest

 

Rekrutteringsprosjektet Vel Skog vest har vore høgt og lågt i 2014. Med nytt og lekkert standmateriell i friske farger frå «Med skog som jobb» reiste prosjektkoordinator og gode hjelparar rundt på messer i Rogaland og Hordaland. Takk til Jon Svihus, Jone Tysseland, Erlend Kvalvåg, Kristofer Tveiterå, Turid Tjøstheim, Tom Kristian Kårstad, Simon Wulff, Merete Larsmon og Rune Mikkelsen som har stilt opp på yrkes- og utdanningsmesser rundt omkring i Vel Skog regionen vår.

 

4H Rogaland sitt prosjekt Naturleg Framtid er eit prosjekt der naturbruksinteresserte ungdom får prøve seg hos læremeistarar i forskjellige land- og havbruksrelaterte arbeid på helgekurs. Vel Skog Vest arrangerte kurs i motorsag og skogbruk for sju deltakarar på Stråtveit gard på våren. Deltakarane reiste heim blide og fornøgde etter å ha lært seg grunnleggande sikkerhet og teknikk i bruk av motorsag.

 

Det nasjonale Vel Skog prosjektet var med som samarbeidspartnar då Norges Jeger- og Fiskeforbund UNG inviterte til landsleir for ungdom. I dette høve arrangerte Vel Skog Vest ein konkurranse for ungdommar der dei skulle gi ein god grunn for kvifor dei skulle få billett til NJFF Ung leiren. I Hordaland vart 5 garder aust, ein konkurranse for naturbrukselever der dei konkurrerer om å utføre alt frå mjølking til sverdsnuing på motorsag. Vinnarane fikk billettar til leiren og reiste bort saman med Gerd Inger frå Vel Skog vest.  Det vart ein kjempefin tur med allslags aktivitetar på Åsnes i Hedmark. Ein av deltarane frå Rogaland har allereie meldt seg som frivillig for leiren neste år.

 

Eit høgdepunkt dette året var på Norsk rådgiverforum sitt landskurs, eit populært arrangement for skulerådgjevarar frå heile landet. Arrangementet blei lagt til Haugesund, noko som gjorde at eit fleirtal av deltakarane var frå Hordaland og Rogaland. Då Aslak Sira Myhre var ferdig med foredraget sitt «ska adle jobba i oljå?» var det mange som ville stoppe opp og snakka med oss på Vel Skog standen om kva slags moglegheiter skogbruket har å by på.

 

På slutten av året blei prosjektet evaluert og styringsgruppa vurderte at det var naudsynt å få rekrutteringsarbeidet til å fortsette etter at prosjektperioden løper ut våren 2015. Vi blei gjort merksame på nokre utfordringar for ungdommar som tar fagbrev som skogsoperatør. Det er stor forskjell i kvaliteten på opplæringa dei får som lærlingar. Dette kan bli ei viktig sak for eit eventuelt prosjekt nummer 2!

Skogselskapet i Bergen og Hordaland

Spennende produkter i vår nettbutikk »

Bli medlem i Skogselskapet

Du kan enkelt bli medlem i Skogselskapet

Nyhetsbrev

siste nytt fra Skogselskapet