Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug døyper tømmerleketern Frøya US 102

Første tømmerplattform i landet døypt på Bømlo

«Den første tømmerplattformen i landet» blir ho kalla, den svære lekteren som førre veke blei døypt på Bømlo. Tømmerplattformen skal gjere det lettare å få tilgang på tømmer som står plassert på øyer og nes langs kysten, og har starta allereie på Austevoll og Bømlo.

Energihogst AS er firmaet som har fått tømmerlekteren døypt. Ho kan romme 10 000 m3 tømmer i tillegg til hogstmaskin, lassbærer og tømmerbil. Hogstteamet bur i lugarar i styrhuset som er montert fast på lekteren og fasilitetane er moderne. «Tømmerplattformen» blei døypt på Rubbestadneset på Bømlo. Sjølvaste landbruks- og matministeren stod for dåpen og ordførarar frå både Austevoll og Bømlo ønskte lekteren velkommen.   

 

Det var mange som møtte opp for å få med seg dåpen av Tømmerlekteren på Bømlo.

 

Frå Skogselskapet Bergen og Hordaland tok leiar Ove Gjerde del. I helsingstalen rosa han initiativet og mana til eit framtidig samarbeid mellom Energihogst  og dei andre aktørane innan skogbruket. 

   

Mykje hogstmoden skog står plassert på vanskelig tilgjengelig steder langs kysten. Det var då skogsentreprenørfirmaet Energihogst AS blei spurt om å ta ut skog på ei øy i Austevoll at dei fikk idéen om å skaffe seg ein tømmerlekter. Det var nemlig langt til nærmaste kai og vanskeleg å få tømmeret ut på ein lønnsam måte. Lyder Birkeland i Energihogst har tidlegare jobba som sjøkaptein og saman med Ole Andres Aunet blei planen om ein tømmerplattform klekka ut. Dei ville ha ein lekter som var så stor at dei ikkje trong tenkje på baklager og plass til maskinane. Samstundes skulle det vere mogleg å få lekteren inntil land mange plasser.

 

Benny Frånberg leier hogstteamet og han har tatt ut tømmer på lekter før, me aldri på ein lekter av denne størrelsen. –Dette er ein særs effektiv måte å få ut tømmeret på. Vi slepper å tenkje på baklager og får mykje lettare tilkomst til øyer. 

 

Desse svenske skogsoperatørane og maskinførarane kjem snart til ein skog nær deg! Frå venstre: Pontus Fråndberg, Jonas Pålsson, Benny Frånberg og Mathias Emilsson.

 

 

På spørsmål om kor tømmerplattformen kjem til å reise etter dette kan ikkje Ole Andres Aunet frå Energihogst svare heilt enno. – Vi må planlegge godt slik at vi flytter lekteren på ein effektiv måte. Men vi har fått fleire invitasjonar allereie!  

Skogselskapet i Bergen og Hordaland

Spennende produkter i vår nettbutikk »

Bli medlem i Skogselskapet

Du kan enkelt bli medlem i Skogselskapet

Nyhetsbrev

siste nytt fra Skogselskapet