Skogutferd til Island hausten 2017

Hausten 2017 får alle Islands- og skoginteresserte høve til ei unik oppleving på Island. Sogn og Fjordane Skogselskap inviterer i samarbeid med Skogselskapet på Island til ein 10 dagars tur frå 29. august til 7. september 2017. Det vert guida rundreise rundt nesten heile øya. Utreise skjer frå Bergen. Førebels, uforpliktande påmelding innan 20. oktober.

Sogn og Fjordane Skogselskap arrangerer skogtur til Island frå tysdag 29. august til torsdag 7. september 2017 med utreise frå Bergen. Dette vert eit flott høve til å gjere seg kjent med øya for dei som ikkje har vore der før – og til gjensyn og nye inntrykk og opplevingar for dei som kjenner landet. Vi skal reise rundt så godt som heile øya. I tillegg til skogtema vil vi få mange gode opplevingar og inntrykk frå turistattraksjonar, natur, geologi, kultur, historie og næringsliv på øya. Vi tek sikte på ei gruppe på ca. 30 deltakarar.

 

Skogselskapet ynskjer påmelding i to omgangar: Vi ber alle interesserte melde seg uforpliktande innan 20. oktober 2016. Så vil vi gå ut med ein bindande påmeldingsfrist utpå vinteren, samstundes som vi presenterer endå meir detaljerte opplysningar om reisa. Vert interessa større enn vi har plassar til, vil vi prioritere etter medlemskap og fyrst til mølla-prinsippet. Førebels pris for turen er kr. 12.500 pr. person for fly begge vegar, buss, overnatting med frukost på hotell og to guidar undervegs. Det vert arbeidd med å få inkludert fleire fellesmåltider i turpakka.

 

Einar Gunnarson ved skogselskapet på Island, Skogrektarfelag Islands, har lagt opp programmet for oss i samarbeid med vår turleiar Hans Fr. Lauvstad. Einar var leiar for utferda  vår til Island i 2012, og for den islandske gruppa som var våre gjestar i 2014. Førebels program for turen er lagt ut som eigen artikkel. Postane som er typiske skoginnslag er markert med feite typar.

 

Med utgangspunkt i Reykjavik går turen mot sør og aust, så nordover  til Akureyri, og vidare i retning sørvest til Reykjavik. Det er grunn til å nemne to stader spesielt: Hallormsstadur i aust, med meir enn 100 år skogtradisjon, det klårt største skogområde på Island med mange treslag frå heile verda, kurssenter og administrasjonssenter for skogbruk. Det er ikkje lang veg til planteskulen på Egilsstadir. Den andre staden er Reykholt i Borgarfjordur, heimstaden til Snorre Sturlason. Der er eit nordisk kultursenter og ein markert sokneprest, Geir Våge, som har vore med på skogutferder til Sogn og Fjordane. Han har store kunnskapar om historie og kultur, er ivrig skogreisar, og han har sterke meiningar om mellom anna landbrukspolitikk.

 

Undervegs på reisa rundt øya vil vi få innblikk i og høve til diskusjon om berggrunnsgeologi og kvartærgeologi, islandsk litteratur, landbrukspolitikk, økonomisk politikk, fiskeri, skogforsking og -undervisning, miljøpolitikk, energi og andre tema som turdeltakarane ynskjer å ta opp.

 

Førebels påmelding gir ein innan 20.oktober 2016 til sekretær Svein Saure, tlf.

913 15 495, e-post: brandsoyplanteskule@gmail.com. Desse kan også kontaktast og gi informasjon:

Turleiar Hans Fr. Lauvstad, tlf. 478 98 424, e-post: ha-fredr@online.no

Styreleiar Terje Engvik, tlf. 975 17 111, e-post: terje.engvik@enivest.net.

Sogn og Fjordane Skogselskap

Spennende produkter i vår nettbutikk »

Bli medlem i Skogselskapet

Du kan enkelt bli medlem i Skogselskapet

Nyhetsbrev

siste nytt fra Skogselskapet