N/A

Reiseruta - øya rundt

Nokre få ledige plassar på Islands-tur

Det har vore stor interesse for Sogn og Fjordane Skogselskap sin Islands-tur frå 29. august til 7. september. Turen er nesten fullteikna, men det er enno rom for å sikre seg dei siste plassane. Interesserte kan ta kontakt med Svein Saure i Sogn og Fjordane Skogselskap, tlf. 91315495, e-post: brandsoyplanteskule@gmail.com

Turdeltakarane vil få oppleve det meste av det sagaøya har å by på, både skogfagleg, kulturelt og naturmessig. Tur-gruppa er sett saman av medlemmer i Sogn og Fjordane Skogselskap og interesserte skogbrukarar elles i landet. Turen rundt øya vil starte austover frå Reykjavik og gå føre seg i ein velutstyrt buss med reiseleiar i fremste klasse: Sjefen for Skogselskapet på Island - Einar Gunnarson frå Skogrektarfelag Islands.

 

Turen startar med fly frå Bergen tysdag 29. august kl. 13.00. Etter velkomstmiddag og tur til Thingvellir startar reisa austover. Programmet er i hovudsak det som vart gjort kjent då Sogn og Fjordane Skogselskap lanserte turen i fjor haust. Men turplanen er litt justert: Vi har fått lagt turen innom Siglufjørdur nordvest av Akureiri med overnatting frå søndag 3. september til måndag 4. september. Der vert det museumsbesøk med silde-historikk, mellom anna tønnehandel med Sogn og Fjordane.  På etappen til Siglufjørdur den 3. september skal vi innom Jardbødin ved Myvatn for lunsj og tilbod om bad i varme kjelder.

 

Den niande dagen på Island vert avslutta med avslutningsmiddag hos Reykjavik Skogselskap. Så vert det retur til Bergen med fly om morgonen den 7. september. Fullt program og turpris kan ein få ved å vende seg til Sogn og Fjordane Skogselskap.

Sogn og Fjordane Skogselskap

Spennende produkter i vår nettbutikk »

Bli medlem i Skogselskapet

Du kan enkelt bli medlem i Skogselskapet

Nyhetsbrev

siste nytt fra Skogselskapet