Tre gode vener som alle såg ut til å trivast i det fine haustveret på Bygland. ( foto: øystein moi )

Rekruttering, kameratskap, sosialt samvær - og pylser på bålet

Artikkelen er publisert og skrevet av Bondelaget. Foto og tekst Øystein Moi. 19.10.17

Ein strålande fin haustdag midt i vakre Setesdal. Dei aller fyrste kuldegradane hadde teke tak i kvikksylvet denne morgonen - og ute på tunet hjå KVS Bygland var det eit yrande folkeliv. Ungodmskuleelevar frå heile dalføret, 102 i talet, var på vitjing hjå naturbrukselevane på Bygland. 

Denne informasjonsdagen, eller rekrutteringsdagen som er eit anna ord me gjerne kan bruke, er eit samarbeid mellom KVS Bygland, Skogselskapet og dei ulike skogeigarlaga i Setesdal.
På programmet stod m.a. øksekasting, natursti, litt om sau, litt om hest, - og mykje om skog. Alt frå skogplanting og ungskogpleie - til felling og kvisting av store furutre.
Elevane vart delt inn i fleire grupper og måtte deretter rullere rundt til alle dei ulike  postane i grannelaget. Her fekk dei solid og god pedagogisk opplæring i alt frå klimapolitikk, karbon-binding, jakt og friluftsliv, skogskjøtsel - og nærkontakt med både sau og hest.
Midt på tunet hadde gode representantar frå Bygland Skogeigarlag fyrt opp både pylsegrill og kaffebål. Ingen gjekk såleis svoltne heim frå Bygland denne ettermiddagen.

 

Foto Øystein Moi

Øyvin Aakhus serverte kaffi, Skogeierlaget bido med manskap og lunsj til alle

Foto: Øystein Moi

Foto Øystein Moi

Foto: Øystein Moi

Foto: Øystein Moi

 

Skogselskapet i Agder

Spennende produkter i vår nettbutikk »

Bli medlem i Skogselskapet

Du kan enkelt bli medlem i Skogselskapet

Nyhetsbrev

siste nytt fra Skogselskapet