Velg Skog på Dyregoddagene 2013

Velg Skog på Dyregoddagene 2013

 

 

 

Velg Skog på Dyregoddagane på Batnfjordsøra.

 

 

 

Velg Skog frelste ungdommen på Nordvestlandets største bygdeattraksjon

                                                                                              

10. klassingar frå heile Nordmøre og Romsdal fikk oppleve kva landbruks og bygdenæringane har å tilby på en deilig og solrik fredag. Blant utstillarane hadde Velg Skog stand samen med Norges jeger og fiskeforbund (NJFF) og Friluftsrådet. På standen fikk ungdommane være med på en skogprat med Velg Skog som handla om alt skogen kan brukas til og variasjonen i yrke ein kan ha i skogen. Skogselskapet delte ut ei furuplante til kvar av elevane, noko som blei tatt vel i mot av miljøbevisste ungdommar. Mange av ungdommane imponerte stort og viste at dei hadde følgt med i naturfagstimen og visste at skogen binder CO2 og slepper ut oksygen.

 

Tore Dønheim frå Skogselskapet i Møre og Romsdal, Odd Løset frå Fylkesmannens landbruksavdeling og Gerd Inger Aarnes frå Velg Skog Vest, storkoste seg med å representere skogen på Dyregodagen. Det var morosamt at me fikk treffe så mange ungdommar på ein dag, det var omtrent 400 guter og jenter innom lavoen her, Seier Gerd Inger.

 

NJFF serverte det møraste reinkjøtt og friluftsforbundet hadde fleire morosame aktivitetar å by på. Det var til og med ein kar i vaskekte indianerkostyme på standen. Velg Skog takkar for eit godt samarbeid, og vonar at det ikkje blir siste gong!

 

     

Skogselskapet i Møre og Romsdal

Spennende produkter i vår nettbutikk »

Bli medlem i Skogselskapet

Du kan enkelt bli medlem i Skogselskapet

Nyhetsbrev

siste nytt fra Skogselskapet