Skogdagar hausten 2022

Tømmerprisane er for tida rekordhøg!

Sogn og Fjordane Skogselskap, ilag med AT Skog og kommunar, arrangerer skogdagar rundt om i heile Vestland fylke, med fokus på skogkultur, som ungskogpleie, planting, plantekvalitet, planteval, men også hogst, tømmerverdi, tømmermarked osb.

Det er fullt mogeleg å stille spørsmål både til instruktør, Skogselskapet, forvaltinga og næringa på dei dagane dei også er tilstades.

Ynskjer du/de at me arrangerer ein skogdag i ditt distrikt (i Vestland fylke). Ta kontakt med ruben@skogselskapet.no

 

Bla lenger ned for å sjå liste over skogdagar hausten 2022

Det blir servert bålkaffi og enkel matservering

 

Oversikt over planlagte skogkveldar: (Lista vil oppdatere seg kontinuerlig)

Dato Klokka Stad Kommune
15.aug 17.00 Kyrkjebø Høyanger
25.aug 17.00 Ryggjebrua, Førde Sunnfjord
12.sept 17.00 Mannebrekke, Vadheimsdalen Høyanger
19.sept 17.00 Nordfjordeid Stad
20.sept 17.00 Hafslo Luster
26.sept 17.00 Feios Vik
24.okt 17.00 Fjærestad, Balestrand Sogndal
25.okt 17.00 Huksdalsvegen, Leikanger Sogndal
5.nov PEFC KURS Gimmeland Bergen