Digital skogkveld for skogeigarar

14.mars

Skogselskapet arrangerer digital skogkveld for skogeigarar for tredje gong i vinter. Her går me gjennom tema som hogst, tiltak etter før/etter hogst, skogfond og skatt, skogsbilveg, skogbruksplan og frivillig skogvern. Det er også satt av tid til spørsmål.

Skogkvelden er open for medlemmar av Skogselskapet i Sogn og Fjordane, og ein kan enkelt melde eg inn her: https://zubarus.com/znewmember.php?publisherId=200

Send ein mail til ruben@skogselskapet.no for å melde dykk på, og få tilsendt link

Skogkvelden startar kl 19.00, varar til ca. kl 21.00 og føregår over Teams

Tema og tidskjema:

  • Introduksjon 19.00-19.05
  • Hogst 19.05-19.30
  • Ungskogpleie/Skogkultur 19.30-19.55

Pause 19.55-20.00

  • Skogfond og skatt 20.00-20.20
  • Skogsbilveg, traktorveg 20.20-20.30
  • Skogbruksplan 20.30-20.40
  • Frivillig skogvern 20.40-20.50
  • Open spørsmålsrunde, kanskje rekk me ein kort Kahoot-undersøking med premieutdeling 20.50-21.00

Me ynskjer også spørsmål undervegs om de har det.

<- Tilbake

Andre arrangement fra Sogn og Fjordane