Da er påmelding til årsmøtet 2024 lagt ut. Etter årsmøtet blir det seminar, eller snarere en inspirasjonsdag for de som vurderer å starte med juletreproduksjon. Det blir både foredrag og besøk hos produsent.
Tid: Tysdag 1.10.2024 kl. 10.00 (lett servering frå 09.30)
Stad: Aksdal Inn, Tysværvegen 15, 5570 Akdal
Seminar: Etter årsmøtet blir det seminar, sjå eige program
Påmelding innan 24.9.24 via Statsforvaltaren sine nettsider:
Eller telefon 973 00 095
PROGRAM:
Frå 09.30: Enkel servering ved ankomst.
10.00–11.30: Ope årsmøte i Skogselskapet i Rogaland.
11.30–12.00: Lunsj
SEMINAR:
12.00–14.00: Inspirasjonsdag om juletre- og pyntegrøntproduksjon – auka inntekt på garden?
Ynskjer du å utvida inntektsgrunnlaget på garden? Lurer du på om juletre og pyntegrønt kan vera svaret? Då er dette seminaret for deg, for her får du vite kva som skal til for å lukkast med juletre!
Lena Nergård frå Norsk Juletreservice og Gudrun Margrete Dyrseth frå Rogaland Juletre deler av sin kunnskap knytt til:
- Kva du må tenka gjennom når du vil satsa på juletre som næring.
- Marknaden og økonomien i juletreproduksjonen.
- Ei næring der det er plass til fleire!
- Kor får eg hjelp undervegs?
- Innføring i skogfond i tilknyting til juletreproduksjon v/seniorrådgivar Morten Svanes, Statsforvaltaren.
UTFERD:
14.30–16.30: Gardsbesøk på Straum Juletregard Olav Straum – juletreproduksjon i 3 generasjonar, og pyntegrøntproduksjon v/Marit Helle Vetrhus og Lena Nergård. Arne Svandal med lang fartstid innan juletreproduksjon vil også bidra med gode råd og tips.
Adresse: Straumsvegen 27, 5567 Skjoldastraumen