Bli med på fagdag i Hjelmeland!

Me startar i år prosjektet «Aktive skogeigarar», eit prosjekt som tek sikte på å hjelpa skogeigarar i Rogaland til å forvalta skogressursaene sine på beste vis. Prosjektet vil gå over 3 år med ei rekkje element, slik som fagdagar over heile fylket, webinarer og mykje meir.

Første arrangement i prosjektet er fagdag i Ryfylke. Deltaking er gratis, men av omsyn til servering treng me påmelding.

Stad: Spinneriet, Burmavegen 11, Hjelmeland

Tidspunkt: Laurdag 4.3.23 kl. 10.00 – 16.00

Fagdagen er sett saman av ein innedel før Skogselskapet spanderar lunsj.  Ettermiddagen brukar med ute i skogen der me ser på bestandar i ulike stadier, frå nyplanta til hogstmoden skog.

Fagansvarleg er Per Helle, instruktør frå Skogkurs.

Påmelding innan onsdag 1. mars på epost til: rogaland@skogselskapet.no

Program:

10.00 – 12.30

Inntektsmoglegheiter i gammelskogen

  • Kva verdi kan eit velstelt plantefelt ha?
  • ‘Kva kjenneteiknar hogstmoden gamalskog?

For tideleg hogst – store inntektstap

  • Kva taper eg ved for tidleg hogst?
  • Korleis unngå å hogga for tidleg?

Skogfond – formidabel effekt på lommeboka

  • Kva skuldast den store effekten?
  • Korleis bereknar eg effekten på eigen eigedom?

12.30. Lunsj

13.00 – 16.00

Gode eksempel på velskjøtta skog i lokale bestandar. Transport i eigne bilar.