Kappedagar, skogkveldar og PEFC kurs vinteren 2023
Om ein skal hogge skog sjølv, og levere tømmer til tømmerkjøpar, så er det viktig å vere oppdatert på lengde- og kvalitetskrav.
Sogn og Fjordane Skogselskap arrangerer kappedagar rundt om i heile Vestland fylke for å gå gjennom krava som skogeigar må vere orientert om. Skogdagane er gratis å vere med på, og det blir delt ut ei skogsøks til ein av deltakarane.
Det er fullt mogeleg å stille spørsmål både til instruktør, Skogselskapet, forvaltinga og næringa på dei dagane dei også er tilstades.
Ynskjer du/de at me arrangerer ein kappedag i ditt distrikt (i Vestland fylke). Ta kontakt med ruben@skogselskapet.no
Det blir servert bålkaffi og enkel matservering (pølser eller liknande). Det blir også halden tippekonkurranse, der vinnaren vinn ei skogsøks frå Skogselskapet!
Lista vil oppdatere seg kontinuerlig.
Dato | Klokka | Stad | Kommune | Tema |
05.jan | 10.00 | Gloppen | Gloppen | Kappedag |
6.jan | 13.00 | Innvik | Stryn | Kappedag |
9.jan | 10.00 | Vikanes | Masfjorden | Kappedag |
19. jan | 09.00 | Hafslo (Send E-post) | Hafslo | PEFC kurs |
19. jan | 20.00 | Samfunnshuset i Kjølsdalen | Stad | Skogkveld for skogeigarar |
20.jan | 09.00 | Innvik (Send E-post) | Stryn | PEFC kurs |
30. jan | 19.30-21.00 | Digitalt grunnkurs om skog og tre (Send E-post) | Grunnleggande kurs om skog og tre | |
4. feb | 10.00 | Hafslo | Luster | Familiedag og manuell hogstdag |
6. feb | 10.00 | Takle | Gulen | Kappedag |
10. feb | 10.00 | Straumnesvegen 55, Tysse | Fjaler | Kappedag |
14. feb | 19.00 | Digital grunnkurs i skogbruk (Send E-post) | Teams | Grunnkurs i skogbruk |
15. feb | 09.00 | Styrkhallen i Innvik (Send E-post) | Stryn | PEFC kurs |
16. feb | 09.00 | Rådhuset på Nordfjordeid (Send E-post) | Stad | PEFC kurs |
24. feb | 10.00 | Kjølsdalen | Stad | Kappedag |
2. mars | 20.00 | Tønna i Bygstad | Gaular/Sunnfjord | Skogkveld |
8. mars | 10.00 | Mo, Førde | Sunnfjord | Kappedag |
21. mars | 20.00 | Facebook live (ynskjer du link: Send E-post) | Direktesendt på Facebook | Skogplanter |
22. mars | 18.00 | Innvik | Stryn | Kurs i Skogfond |
15. april | 12.00 | Klakegg, Jølster | Sunnfjord | Juletredag |