Motivasjonsprosjekt Skogkultur

Auka motivasjon for skogkultur

Sogn og Fjordane Skogselskap har i 2021 jobba med AT Skog om eit motivasjonsprosjekt for å auke innsatsen på skogkultur på Vestlandet. Gjennom dette prosjektet har vi eit fokus på viktigheita med planting av skog etter hogst, og utføring av ungskogpleie når skogen er mellom 1-4 meter høg.

Stor aktivitet i 2021

I 2021 gjennomførte vi 20 skogdagar i Sogn og Fjordane og 6 i Hordaland, i tillegg til 3 digitale skogkveldar der skogeigarar og skogfunksjonerer deltok frå heile Vestland. På skogdagane informerte vi om dagens tømmermarked, kva som er viktig når ein planlegg hogst, bruk av skogfond, tilskotsmogelegheiter i skogbruket og viktigheita om tiltak i hogstflata/ungskogen etter hogst. AT Skog, skogfunksjonerar frå den lokale kommunen og Statsforvaltaren deltok på alle skogdagane som vart gjennomført. Eit resultat av desse 29 skogdagane var omlag 400 deltakarar som fekk med seg bodskapet vårt, og det vart tinga over 600 dekar med ungskogpleie og 45 000 skogsplanter.

Les heile samandraget av prosjektet her:

Skogkulturprosjekt 2021 Samandrag

Vi vonar at det blir eit nytt liknande prosjekt i 2022, og at vi får arrangere like mange skogdagar rundt om i storfylke Vestland