Når Skogselskapet ikkje lukkast med gjeremålet sitt!
Av: Ruben R. Bøtun, dageleg leiar, Sogn og Fjordane Skogselskap – For alle skogens vener
I løpet av den siste veka har det vore både ulovleg hogst i form av nedskjering av ungskog rundt Kaupangerholten, og bålbrenning i knusktørre omgivnadar ovanfor Dalaker i Kaupanger. Spesielt bålbrenning i Kaupangerskogen under svært tørre forhold har vore ein gjengangar dei siste åra. Kven har ansvar for å lære folk om allemannsretten?
Ein av dei som tek på seg det ansvaret er Sogn og Fjordane Skogselskap. Vi er ein ideell medlemsorganisasjon som blant anna driv med skuleskogdagar, familieskogdagar og kursing innan skogbruk. Seinast i vår vart det gjennomført skuleskogdag med fokus på skogbrann ilag med Sogn Brann og Redning i Kaupangerskogen. Gjeremålet til Skogselskapet er å formidle kunnskap om skog og alt som har med skog å gjere.
Allemannsretten står sterkt i Noreg, og det er eit privilegium vi alle nyt godt av. Her i Sogn bur vi tett på naturen, og mange flyttar heim på grunn av tilgangen til fjord og fjell utanfor stovedøra. Me nyttar naturen til rekreasjon, helse, idrett, hobby og nokre heldige av oss; jobb. Då er det viktig å ferdast med vit. Ein kan ikkje gjere som ein sjølv ynskjer, ein kan ikkje skjere ned friske planter for å spikke seg eit grillspyd, eller tenne bål når det er tørt, sjølv om det ikkje er bålforbod (15.april til 15.sept). Ein må ta omsyn til planter, dyr og grunneigar, og så må ein ikkje gløyme allemannspliktene!
Prinsippet om sporlaus ferdsel handlar om at ein ikkje skal etterlate seg noko anne enn eige fotavtrykk på tur. Ta med deg søppel, slokk bål og rydd opp etter deg (bruk etablerte bålplassar der det finnes!), bruk tørre kvistar til ved og vurder vær og forhald før ein tenner bålet.
Nyt naturen – og god tur!