Vervekampanje i Sogn og Fjordane

Vinn Husqvarna 550 motorsag eller Or-b Turbo 7 tonn vedkløyvar, verdi ca. 10 000 kroner!

 

Sogn og Fjordane Skogselskap har pr. 1. november 281 medlemmar, og me ynskjer  300 før året er omme. For kvart medlem du vervar vil ein få eitt lodd som er med i trekninga av motorsag eller vedkløyvar. Dess fleire ein vervar, dess større er vinnarsjansen.

Kvart nye medlem er også med i trekninga av motorsaga/vedkløyvaren.

For å verve medlem, send følgjande info 

  • Namn
  • Adresse
  • Fødselsår
  • Telefonnummer og e-post
  • Type medlemsskap
    (vanleg 350kr/året, familie 500kr/året, ungdom(0-25år) 250kr/året)

 til ruben@skogselskapet.no innan 15.12.

Ved mange nye medlemmar blir det trekt ut fleire premiar.

Vinnaren blir trekt 16.12.