Skogselskapet arrangerer ein skogkveld med fokus på smart bruk av skogfond i Feios skule frå kl 17.00 den 11. november.
Når ein går inn i ei tid med mykje hogst, er det viktig å planlegge både avsetting og bruk av skogfond. I Feios er det ekstremt mykje tømmer som skal avvirkast i framtida, og det vil vere svært fordelaktig å bruke skogfond, før under og etter hogst.
Arnt Laukeland vil vere instruktør for kvelden, der han går gjennom bruk av skogfond. Ruben Bøtun og Egil Devig frå Skogselskapet vil også vere tilstades.
Opent for alle.