Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Natur og Helse 3. februar i Sogndal

3. februar @ 18:00 21:00

Velkomen til ein kveld med fokus på bruk av naturen for å betre helsa vår.

Både psykisk og fysisk helse kan betrast ved å nytte seg av naturen i nærområdet vårt.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus. Hovevegen 2, 6856 Sogndal.
Dato og tid: Måndag 3. februar kl. 18:00.
Billettpris: kr 220,- Kjøp billett her: Sogndal Kulturhus

Dei som skal halde foredrag på denne kvelden er:

Helene Nygaardsvik Ruud er den første kvinnelege administrerande direktøren i Det norsk Skogselskap. Helene har erfaring frå skogsamvirket og har alltid vore glad i skogen. Skogselskapet er ein ideell organisasjon med formål om å fremje forståinga av skogens mangesidige betydning.

Helene Nygaardsvik Ruud

Anne Inger Borge er professor i utviklingspsykologi ved Universitetet i Oslo, Psykologisk Institutt. Ho har skrevet over hundre internasjonale artiklar, gitt ut lærebok om resiliens (ei bok for alle) og har fått rolle som ekspert i EU sitt forskingsprogram Horizon 2020 og ERC. Ho leiar Forskingsetisk utval ved UiO.

Gro Selås er overlege og spesialist i vaksenpsykologi (spesialområde alderspsykiatri, Indre Sogn Psykiatrisenter Helse Førde.

Bente Øien Hauge er busett i Lærdal og driv med sau på Hauge-garden. Ho har allsidig utdanning og yrkesrøynsle. Blant anna språk, psykologi, jordbruk, grafisk formgiving og leiing. I 2016 fekk ho utdelt Marie-prisen av K&F.
Under vårt arrangement skal ho fortelje om kva Skogsbad er for noko, og korleis ein tar inn skogens atmosfære med alle sansane. Praksisen oppstod i Japan på 80-talet og blir kalla Shinrin-Yoko.

Yngvar Andersen, tidlegare friidrettsutøvar og trenar frå Forun i Luster. Han var norsk juniormester i kulestøt, diskos og spydkast. Andersen satsa som personleg trenar og starta i 2005 eit eige treningssenter i Oslo med namnet Mykjemeir. Frå 2006 blei han ein tydleg profil i NRK-programmet PULS, der han ga treningsråd til TV-sjåarane i mange år. I dag er han trenar og gründer i det nettbaserte treningssenteret Naardic der han også jobber med Annema Refsnes og Olle Petter Hjelle.

Me ser fram til ein kjekk kveld med mykje fagleg påfyll om eit tema som er relevant og viktig for oss alle.

Ynskjer du å støtte arbeidet vårt, bli medlem her!