Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Digitalt infomøte om eikeprosjektet i Vestland

29. oktober 21:00 21:30

Skogselskapet, NIBIO og Skogfrøverket med fleire andre samarbeidsaktørar arbeider i dag med eit landsdekkande nybrots eikeprosjekt. Målet med prosjektet er å etablere eit foredlingsprogram for eik i Noreg.

I løpet av 2025 har det blitt sanka både knoppar frå utvalte eikebestand som er sendt til analyse, og sanka eikenøtter frå såkalla plusstre. Nøttene vil bli sendt til Skogfrøverket for vidare analyse og deretter til planteskule for foredling/innsåing.

Skogselskapet i Sogn og Fjordane inviterer til eit opent informasjonsmøte onsdag 29. oktober, og er det ynskjeleg å tinge enten eikenøtter eller eikeplanter, kan det gjerast via underteikna. Det er også av interesse å bruke felt som kan såast/plantast eik, og følgjast opp gjennom prosjektet.

Gjennom informasjonsmøte går me gjennom:

-Bakgrunn for prosjektet og tidshorisont

-Kva har blitt gjort så langt i 2025

-Kva regionar blir eikenøtter sanka

-Kva skjer med eikenøttene

-Kan ein sanke eikenøtter sjølve? (gjennomgang av kvalitetskontroll)

Påmeldingslink: https://forms.office.com/e/aejRav8ErZ

Opent for alle