Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Familieskogdag i Hafslo

8. mars 11:00 14:00

Skogselskapet inviterer alle som ynskjer til ein familiedag.

For tredje år på rad legg me til rette for aktivitetar for alle i alle aldrar, med spesielt fokus på bål.
Som i fjor vil me dele ut varm drikke, marshmallows og grillpølser.
Me har spikkeknivar som ein kan låne for å spikke seg grillspyd og skei.

Nokre av aktivitetar under denne dagen blir:

  • Bålbrenning. Lær å brenne bål
  • Vedkløyving
  • Lag din eigen is, med vaniljesmak frå norsk skog
  • Laftebygg, me set fram byggesett der ein kan lafte seg sitt eige bygg
  • Aking. Ta med eit akebrett og ak i bakkane i nærleiken

Me vil vere der frå kl 11.00 til kl 14.00, og er opent for alle!

Familiedagen er delfinansiert gjennom rentemidlar frå Luster & Sogndal kommune, Luster skogeigarlag, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland Fylkeskommune.

Stad: Tangsmarki, ta av til Galdetoppen industriområde på Hafslo, køyr til topps og parker på første velteplass. Gå 100 m opp til neste velteplass der skogdagen føregår.

Google maps: https://maps.app.goo.gl/QtvzBgBhscydhtei8