Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Kurs i bruk av skogbruksplan

22. april 16:30 20:00

Skogselskapet og Landbrukskontoret i Stad kommune inviterer til kurs i bruk av skogbruksplan tysdag 22. april kl 16.30.

Kurset er retta for dei som nyleg har motteke skogbruksplan. Under kurset vil skogeigarane lære å bruke planen til å planlegge tiltak og å ta riktig avgjerslar ut frå eigne og familiens prioriteringar, for ein aktiv og berekraftig utnytting av skogen.

Deltakarane kan gjerne ta med seg skogbruksplanen på kurset.

Diskusjon, erfaringsutveklsling og avklarande spørsmål er sentrale delar av kurset.

Det vil bli lagt opp til synfaring på slutten av kurskvelden. 

Kurset er gratis, og det blir servert mat, men me ynskjer påmelding innan fredag 4.april her: https://forms.office.com/e/81rgGSyeDs