NATUR & samarbeidsKLIMA i Sogn
3. februar – 18:30 – 21:00
Skogselskapet og Sparebanken Norge inviterer til ein inspirasjonskveld der natur, klima og samarbeid står i sentrum. Gjennom faglege innlegg, refleksjonar og gode døme frå ulike miljø, ønskjer me å løfte fram korleis endringar i natur og klima påverkar oss – og korleis samarbeidsklimaet mellom menneske kan vere ein nøkkel i møte med ulike utfordringar.
Sikre deg billett i dag! https://checkout.ebillett.no/195/events/30352/purchase/setup?kanal=dxf
Velkomen til ein kveld som skal inspirere, utfordre og gi rom for nye tankar om både natur, klima og samarbeid.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Tysdag 3. februar kl. 18:30 – 21:00. (Dørene opnar kl. 18:00).
Varigheit: 2,5 timar inkludert pause.
Gratis, men hugs å ta ut billett.
PROGRAM
Skogselskapet i Sogn og Fjordane & Sogn Friluftsråd
Velkommen til kveldens arrangement v/ Ruben Bøtun og Anna Kobbeltvedt
Aage Paus –Emiriti, Universitetet i Bergen
Natur og klima – etter siste istid
Stein Joar Hegland – Professor og forskar på klimaøkologi ved HVL
Natur og klima – kva har me i vente?
Sigrid Henjum – Eventyrar, naturelskar og matentusiast
Samspel med naturen tilsjølvforsyning og matproduksjon
Pause – servering av kortreist lokalmat frå produsentar i Sogn
Tone-Merete Lillesvangstu – Seniorrådgjevar i kommunikasjons, Norec
Kanskje er nettopp du nøkkelen til eit godt samarbeidsklima?
Odd-Bjørn Hjelmeset – Tidl. idrettsutøvar, TV-profil frå Vereide i Gloppen
Å prestere ilag
