Skogselskapet arrangerer PEFC kurs fredag 25.april.
Om skogeigar skal levere tømmer ved eigenhogst er det eit krav frå skognæringa om å ha gjennomført PEFC kurs. Dette kurset kan ein ta digitalt på www.skogkurs.no, eller ein kan ta det ved fysisk oppmøte. Skogselskapet set opp kursdag fredag 25. april kl 09.00 for dei som ynskjer å ta kurset fysisk. Det er ingen eksamen under kurset, men det er eit krav om at ein er tilstades og aktiv under kurset.
Lokalitet: Ein stad i Sunnfjord regionen, avhenger av kvar kursdeltakarane kjem frå
Kursinstruktør vil vere Rolf Erling Loe frå Skogkurs.
PÅMELDING: https://forms.office.com/e/dgYvXvTBDa
Forbehold: Kursinstruktør er morellprodusent, og det kan bli avlyst på kort varsel om morelltunnellane må plastleggast