Skogselskapet inviterer til skogdag i Hyllestad der det no blir bygd skogsbilveg for å få tilgang til skogressursane på Kyrkjeåsen.
Under skogdagen går me gjennom tema for kva som er viktig å planlegge når ein skal avvirke hogstmoden skog, og kva tiltak som må gjerast etter hogst. Kommunen vil også delta for å sei noko om tilskotsmogelegheiten for tiltak i skogbruket.
Stad: https://maps.app.goo.gl/WzAdSWZjqUc13mTs8
Opent for alle og enkel servering