Skogdag på Ølnes i Sogndal (Google maps link) med fokus på hogst og tiltak ein gjer åra etter hogst.
Det blir synfart ein granskog som tidlegare har vore stelt, som då har ført til kvalitetsskog med enormt mykje kubikk på relativt kort tid. Skogeigar vil snakke om hogsten, og fortelje om kor store mengder volum som har blitt tatt ut
Det blir vist fram både planter og planteutstyr.
Instruktør er Arnt Laukeland og Ruben Bøtun frå Skogselskapet.
Olav Bremer frå AT Skog og skogbrukssjef i Sogndal kommune Andreas Stenmark vil delta.
Opent for alle og enkel servering.