Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Skogkveld i Hafslo med Øyvind Stranna Larsen

7. mars 19:00 21:00

Skogselskapet i lag med Luster Skogeigarlag arrangerer ein skogkveld med fokus på ved- og vedproduksjon i Hafslo fredag 7.mars.

Stad: Skogkvelden vil vere i Bremerfjøsen Google Maps og startar kl 19.00.

Det blir servert spekemat med tilbehør, og det vil vere mogeleg å kjøpe drikke i baren.

Påmelding: https://forms.office.com/e/PCXWtXfrmg

Deltakaravgift: Det vil koste 100,- i deltakaravgift (for matserveringa)


Øyvind Stranna Larsen

Kveldens foredragshaldar er Øyvind Stranna Larsen, forfattar og lærar frå Kongsberg. Stranna Larsen er også fagansvarleg for fagfurumet for vedprodusenter, Norsk Ved, og bidreg med innhald til tidsskriftet og nettsidene, i tillegg til informasjon om vednæringa til ålmenta, media og myndigheitene.