Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Skogkveld – innføring i skogplanting og ungskogpleie

4. mai 17:00 19:00

Skogkveld med fokus på skogplanting og ungskogpleie, der ein vil få ei innføring i korleis utføre skogplanting på ein god måte, i tillegg til ungskogpleie ca. 10-20 år etter hogst.

Framtre, Skogselskapet, landbruksrådgivinga i Stad kommune vil delta for å snakke om både tiltak og tilskot i skogen.

Arrangementet er opent for alle, og det vil vere enkel servering.

Det vil vere skilta frå Torheimsvegen ved Hundeide skule.