Feios har store skogressursar. Granplantinga starta allereie i 1955, men skogreisinga starta for alvor etter 1960. I 1974 var det planta eit areal på 7.500 dekar. Mange plassar i Feios er det gode forhold for granproduksjon, mest fordi berggrunnen er Fylitt. Det er ein glimmerskifer som forvitrar lett og har høgt næringsinnhald i høve plantevekst.
Det var den norske papirfabrikken Borregaard frå Østfold som stod for plantinga av granskogen, ettersom dei såg eit stort behov for tilgang til råvarer/tømmer i framtida. Det vart difor gitt eit rentefritt lån til grunneigarane som kunne betalast tilbake i kroner eller i tømmer («kubb»). Både granplantene og jobben med plantinga vart kosta av Borregaard. Det var i hovudsak mange trøndarar som kom for å plante skogen.
No i 2025 er det stor aktivitet i Feios og Åfetdalen, både med kraftutbygging, skogsbilvegbygging og rigging til framtidig hogst.
Dei enorme ressursane som vart planta for 50-60 år sidan i Åfetdalen skal haustast i åra som kjem.
Skogselskapet, Skog i Sogn, Vik kommune, Sognekraft inviterer til ein informasjonskveld med synfaring måndag 12. mai kl 17.30 for å syne fram prosjektet der alle er vinnarar.
Arrangementet er opent for alle, men det blir servering med mat frå Ostebaren, så me ynskjer påmelding. Send ein mail til: ida.oie@vik.kommune.no
Stad: https://maps.app.goo.gl/nGwHjnhG9nqBuMKq8 (Google Maps link)