Måndag den 7.april arrangerer Skogselskapet og landbrukskontoret i Gloppen skogkveld der me går gjennom tema som skogplanting og ungskogpleie.
Arrangementet er opent for alle.
I løpet av kvelden kan de lære korleis ein vel rett plante til rett stad, korleis godt utført plantearbeid ser ut. Det blir demonstrert planting med plantespett og M60 granplanter.
I område er det også eit nyleg regulert ungskogfelt, såkalla ungskogpleie. Me ser på ungskogen og ein vil då få ei opplæring i korleis ungskogpleie utførast, og kvifor det er så viktig at det blir gjort.