Onsdag den 23.april arrangerer Skogselskapet og landbrukskontoret i Stad skogkveld der me går gjennom tema som skogplanting, ungskogpleie, hogst og vegbygging.
Skogkvelden blir på Indre Hundeide og skilta frå Torheimsvegen ved Hundeide skule.
Arrangementet er opent for alle.
I løpet av kvelden kan de lære korleis ein vel rett plante til rett stad, korleis godt utført plantearbeid ser ut. Det blir synleggjort ulike planter, og naudsynt planteutstyr.
I område er det også eit ungskogfelt som vart planta i 2014, og me kjem innpå temaet ungskogpleie. Me ser på ungskogen og ein vil då få ei opplæring i korleis ungskogpleie utførast, og kvifor det er så viktig at det blir gjort.
Det vil også bli synfaring av nyleg hogd skog, og opprusing av veg (Midtflatevegen).