Barnas skogdag 16. september i Brandsøy

Familieskogdag i Brandsøy vart arrangert tysdag 16.9 av Skogselskapet i Sogn og Fjordane, Noregs Orienteringsforund og Statsskog, i tillegg var Fred-Arild Grøneng frå Sunnfjord Sopp- og nyttevekster med. På dagtid var fire lokale skuleklassar med 50 elevar i aldersspennet 7-11 år innom.

Barnas Skogdag blir arrangert over heile landet i løpet av hausten 2025 med lokale vriar. I Sogn og Fjordane var det på eigendommen til Skogselskapet, i Brandsøya i Kinn kommune, at arrangementet vart gjennomført. Det var lagt opp til fleire aktivitetar som passa både born og unge i alle aldrar. Nokre av aktivitetane som vart tilbode var:

  • Lynkurs i båling
    • Det generelle bålforbodet er frå 15. april til 15. september, og markerte det med kurs i bålfyring.
  • Natursti-kviss
    • Skogselskapet har bygd ein ny gangsti frå parkeringa i Leira fram til badeplassen. Langs denne stien vart det sett opp natursti der vinnaren blir trekt 17. september. Premien er eit toastjarn frå Espegaard.
  • Hjortevilt
    • Det vart synt fram ei kolle inne i bygninga, der ein kunne lære om hjortevilt. Det var også synt fram gevir og innvollar som hjarte, lever, milt, spise- og luftrøyr osb.
  • Fuglehotell
    • Ein kunne bygge ein fuglekasse med ferdig kappa materialer, med delfinansiering frå Thonstiftinga
  • Sopp- og nyttevekster
    • Fred-Arild Grøneng, soppkyndig deltok med ei mengd ulike soppar. Det blei også servert saft av geitrams og svarthyll
  • Laftebygging og brubygging
    • Både store og små fekk prøvd lafteteknikk med laftebyggesettet nede ved grindbygget vårt, i tillegg kunne ein bygge ei såkalla Da Vinci Bru.
  • Orientering
    • Norvald Hestetræet frå Norges Orienteringsforbund hadde laga ei orienteringsløype der borna kunne få ei innføring i orientering
  • Servering
    • Det vart servert kokekaffi og solbærsaft/toddy, i tillegg til at det var varme bålpanner der ein kunne grille middagen

I løpet av dagen, inkludert 2., 3., 4. og 6. klasse frå Brandsøy skule, var det om lag 70-80 personar innom Brandsøy for å lære meir om skog, flora, fauna, byggeskikk, orientering og natur.

-Bilder frå arrangementet kjem-

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane