Bli med på fagdag

Bli med på Skogselskapet i Rogaland sin fagdag om korleis du kan henta mest mogeleg ut av skogen din.

Stad: Kverneland Samfunnshus, Kvernalandssalen, Gamle Aaslandsvei 7.

Tidspunkt: Laurdag 8.3.25 kl. 10.00 – 16.00

Fagdagen er sett saman av ein innedel før Skogselskapet spanderar lunsj. Ettermiddagen brukar me i Njåskogen der me ser på bestandar i ulike stadier, frå nyplanta til hogstmoden skog.

Fagansvarleg er Per Helle, instruktør frå Skogkurs.

Påmelding innan torsdag 6.mars på e-post rogaland@skogselskapet.no eller tlf. 973 00 095

10.00 – 12.30: Innedel

Inntektsmoglegheiter i gammelskogen

  • Kva verdi kan eit velstelt plantefelt ha?
  • Kva kjenneteiknar hogstmoden gamalskog?

For tideleg hogst – store inntektstap

  • Kva taper eg ved for tidleg hogst?
  • Korleis unngå å hogga for tidleg?

Skogfond – formidabel effekt på lommeboka

  • Kva skuldast den store effekten?
  • Korleis bereknar eg effekten på eigen eigedom?

12.30: Lunsj

13.00 – 16.00: Utedel i Njåskogen

  • Gode eksempel på velskjøtta skog i lokale bestandar.

<- Tilbake

Andre nyheter fra Rogaland