Tysdag 26. november inviteres alle damer i Vossaregionen til ein inspirasjonskveld der ein ser på mogelegheitene til å utnytte ressursane som er både på innmark og utmark. Me får høyre frå driftige damer om kva dei har fått til, og korleis dei driv næringsutvikling ved hjelp av landbrukseigedommen sin, både om den er liten eller stor.
Arranementet blir i Gamlekinoen på Vossavangen og blir på kveldstid. Det blir servering og difor 18 års aldersgrense.
Begrensa med plassar.
Billettar kan kjøpast her: https://zubarus.com/signup.php?eventId=5331
Program:
Inspirasjonskveld for damer – ressursar på innmark og utmark
Stad: Gamlekinoen, Voss sentrum. (adr. Uttrågata 9, Vossavangen)
Dato: 26. november kl. 18.30 – 21.30 (dørane opnast kl 18.00).
Skogselskapet/Vestland Bondelag
Velkommen
Voss Næringshage
Introduksjon av Voss Næringshage
Pascale Baudonnel – Ostedronninga
Osten, og sjølvforsynt frå småbruk i Ytre Sogn
Sigrid Henjum – Småbarnsmor og småbrukar i Songdalsdalen
Sjølvforsynt frå småbruk i Indre Sogn
Pause 19.30-20.15
Servering av lokal sider, ost og spekemat.
Sigrid Ølmheim – Ølmheim Siderhage
Frukta som blir servert på flaske
Mathilde Buch – Bøtun Gård
Økologisk grønsaksdyrking i Luster