NATUR & samarbeidsKLIMA 2.& 3. februar

Måndag den 2. og tysdag den 3. februar vart det to store fagkveldar om natur, klima og samarbeid. Skogselskapet i Sogn og Fjordane, ilag med Sparebanken Norge og vertskommunane arrangerte desse i Operahuset i Nordfjordeid og i kulturhuset i Sogndal.

To forskarar starta fagkvelden med å fortelje om korleis skog- og trerestar har blitt brukt til å kartlegge klimaendringar sidan siste istid, og korleis klimaendringar vil påverke naturen i framtida. Forskarane var Aage Paus frå Universitetet i Bergen, og Stein Joar Hegland frå Høgskulen på Vestlandet.

Etter dei fagtunge innlegga var det eventyrar, friluftsmenneske og naturkokk; Sigrid Henjum haldt eit inspirerande innlegg om det å bruke naturen og hagen til både matproduksjon, og samarbeide med naboar og fagfolk.

I pausen vart det servert lokal matsprøver frå nærområde.

Etter pausen haldt Tone Merete Lillesvangstu og Odd-Bjørn Hjelmeset inspirerande fordedrag om samarbeid og samarebidsklima.

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane