I haust og vinter vil Sogn og Fjordane Skogselskap tilby kurs i PEFC Skogstandard for skogeigarar. Dette kurset vil oppfylle kompetansekravet til dei fleste tømmerkjøparar for å få levert tømmer.
Kl. | Dato | Stad |
09:00 | 05.nov | Voss vgs. |
08:30 | 26.nov | Sandane kommunehus |
09:00 | 06.des | Vesterland, Kaupanger |
Både teori og synfaring i felt
Kurset blir ein teoridel innandørs, der ein ser på sjølve sertifiseringa og korleis den fungerer. Oppgåveløysing med gjennomgang til slutt, og høve for diskusjon og røynsleutveksling.
Etter teoridelen vil det vere ein feltsynfaring der ein ser nærmare på aktuelle tiltak og praktiske problemstillingar ved drift og forvalting av skogen.
Kurset er til saman omlag 7,5 timar. Kursheftet Norsk PEFC Skogstandard er inkludert i kursprisen og deles ut på teoridelen.
Minimum deltaking: 5 stk (maks 15)
Begrensa kapasitet for instruktør, så ta kontakt snarast for å sette opp ein kursdag.
Pris:
- 650kr for medlemmar av Sogn og Fjordane Skogselskap
- 1400kr for ikkje-medlemmar av Sogn og Fjordane Skogselskap
Meld interesse ved å sende mail til: ruben@skogselskapet.no