Skogselskapet i Sogn og Fjordane lyser ut inntil 12 stillinger for arbeid i skogen sommaren 2026 (frå og med mai til og med august).
Likar du å jobbe ute, er nysgjerrig på skogbruk eller berre søkjer etter ein sommarjobb. Då har du ein kjempemogelegheit. Skogselskapet i Sogn og Fjordane leiter etter ungdom mellom 15-25 år til sommarjobb i skogen i Nordfjord.
Dette er eit sommarjobbtilbod som i hovudsak strekk seg over 3 veker, men med mogelegheiter for forlenga arbeidsperiode. Arbeidsperioden blir avtalt nærmare med Skogselskapet i Sogn og Fjordane.
Hovudoppgåvene for stillinga er:
- Ungskogpleie, avstandsregulering, (og kanskje skogplanting)
Arbeidsstad vil vere spreidt i Gloppen og Stad kommune, og ein vil difor vere avhengig av at minst ein i kvar arbeidsgjeng har tilgang på bil.
Kvalifikasjonar mv.:
Du må like å arbeide ute i all slags vær og sommarjobb kan være fysisk krevjande. Du må komme deg til ein avtalt oppmøtestad på eigenhand. Du vil jobbe saman i eit lag og dykk vil ha ein arbeidsleiar som følgjer dykk opp i det daglege. Arbeidsgjevar vil vere behjelpeleg med overnattingsmogelegheiter og stå for arbeidsutstyr (plantespett, ryddesag, drivstoff etc).
Søkjarar som får tilbod om sommarjobb, blir sertifisert gjennom gratis kurs ungskogpleie med motorryddesag. Kurset vil gå over 3 dagar i veke 26 eller etter avtale.
Prosjektleiar JOB:U, Skogselskapet i Sogn og Fjordane er Ruben Rundsveen Bøtun, tlf: 9576 1717
Skriftleg søknad og CV med referansar sendes pr e-post innan 1. mars 2026 til
I søknaden må det stå:
- Alder/fødselsdato
- Adresse
- Kvar du kan jobbe (Gloppen eller Stad kommune)
- Dato for når du kan starte
- Relevante kvalifikasjonar (motorsagkurs/førstehjelpskurs etc)
- Tidlegare arbeidserfaring
- Søknadstekst og evt. referanser
Ein kan også fylle ut dette skjemaet: Søknader JOBU Sogn og Fjordane 2026 – Fyll ut skjema
