Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Kurs i woodcarving/trekunst i Brandsøy, Florø

22. oktober 09:00 24. oktober 15:00

Skogselskapet arrangerer kurs i trekunst/woodcarving i Brandsøy den 23-25. oktober (og 6-8. november).


I løpet av kurset vil deltakarane får tid til å lære grunnleggande teknikkar og samstundes rekke å skjere ut sin eigen figur. Målet er at deltakarane sitt igjen med ein ferdig (eller nesten ferdig) figur.

Treskjering er samstundes ein prosess som utviklar seg over tid, og eit slikt kurs kan vere ein fin start på eventyret. Gjennom kurset vil deltakarane få mange nyttige tips og innblikk i kunstnerisk formspråk, val av tresort og bruk av ulike verktøy og hjelpemidlar.


Instruktør: Lukas Kubiak som har over 20 år med erfaring med treskjering og skulpturarbeid.

Deltakarane må ha med:

  • Motorsag
  • Verneutstyr
  • Bensin/kjedeolje
  • Vinkelslipar med eigna skive for forming og finare utforming av treet.

Pris: 5.500 kr/deltakar.
Adresse: Planteskulevegen 35, 6908 Florø (kurset vil vere innandørs)
Påmelding: E-post til: ruben @ skogselskapet.no

Maks deltakarar er 10 stk. Minimum 6 stk.


Har du behov for overnatting kan me vere behjelpeleg med det.