Bli med på fagdag i Tysvær!

26.oktober

Prosjektet «Aktive skogeigarar», eit prosjekt som tek sikte på å hjelpa skogeigarar i Rogaland til å forvalta skogressursaene sine på beste vis, rullar vidare. No er det klart for ny fagdag om skog, denne gong i Tysvær.

Deltaking er gratis, men av omsyn til servering treng me påmelding.

Stad: Tysværtunet, Frøylandsalen (ved biblioteket)

Tidspunkt: Laurdag 26.10.24 kl. 10.00 – 16.00

Påmelding innan torsdag 24.10. på epost til: rogaland@skogselskapet.no

Eller tlf: 973 00 095

Fagdagen er sett saman av ein innedel før Skogselskapet spanderar lunsj. Ettermiddagen brukar me ute i skogen der me ser på bestandar i ulike stadier, frå nyplanta til hogstmoden skog.

Fagansvarleg er Per Helle, instruktør frå Skogkurs.

Program:

10.00 – 12.30

Inntektsmoglegheiter i gammelskogen

  • Kva verdi kan eit velstelt plantefelt ha?
  • ‘Kva kjenneteiknar hogstmoden gamalskog?

For tideleg hogst – store inntektstap

  • Kva taper eg ved for tidleg hogst?
  • Korleis unngå å hogga for tidleg?

Skogfond – formidabel effekt på lommeboka

  • Kva skuldast den store effekten?
  • Korleis bereknar eg effekten på eigen eigedom?

12.30: Lunsj

13.00 – 16.00:

Gode eksempel på velskjøtta skog i lokale bestandar. Transport i eigne bilar.

<- Tilbake

Andre arrangement fra Rogaland