Bli med på fagdag i Dalane!

Prosjektet «Aktive skogeigarar», eit prosjekt som tek sikte på å hjelpa skogeigarar i Rogaland til å forvalta skogressursaene sine på beste vis, rullar vidare. No er det klart for ny fagdag om skog, denne gong i Eigersund.

Deltaking er gratis, men av omsyn til servering treng me påmelding.

Stad: Lanbrukssenteret, Sirdalsveien 38 Helleland

Tidspunkt: Laurdag 9.3. 24 kl. 10.00 – 16.00

Fagdagen er sett saman av ein innedel før Skogselskapet spanderar lunsj. Ettermiddagen brukar me ute i skogen der me ser på bestandar i ulike stadier, frå nyplanta til hogstmoden skog.

Fagansvarleg: Per Helle, instruktør frå Skogkurs.

Påmelding: Innan torsdag 7.3. på epost til: rogaland@skogselskapet.no eller tlf: 973 00 095

Program:

10.00 – 12.30

Inntektsmoglegheiter i gammelskogen

  • Kva verdi kan eit velstelt plantefelt ha?
  • Kva kjenneteiknar hogstmoden gamalskog?

For tideleg hogst – store inntektstap

  • Kva taper eg ved for tidleg hogst?
  • Korleis unngå å hogga for tidleg?

Skogfond – formidabel effekt på lommeboka

  • Kva skuldast den store effekten?
  • Korleis bereknar eg effekten på eigen eigedom?

12.30. Lunsj

13.00 – 16.00

Gode eksempel på velskjøtta skog i lokale bestandar. Transport i eigne bilar.

<- Tilbake

Andre nyheter fra Rogaland