Bli med på fagdag i Sandnes!

‘Prosjektet «Aktive skogeigarar», eit prosjekt som tek sikte på å hjelpa skogeigarar i Rogaland til å forvalta skogressursaene sine på beste vis, rullar vidare. No er det klart for ny fagdag om skog, denne gong i Sandnes.

Deltaking er gratis, men av omsyn til servering  treng me påmelding.

Stad: Tveit Bygdahus, Søredalen 514. Sviland, Sandnes

Tidspunkt: Laurdag 30.9.23 kl. 10.00 – 16.00

Fagdagen er sett saman av ein innedel før Skogselskapet spanderar lunsj.  Ettermiddagen brukar me ute i skogen der me ser på bestandar i ulike stadier, frå nyplanta til hogstmoden skog.

Fagansvarleg er Per Helle, instruktør frå Skogkurs.

Påmelding innan torsdag 28.9. 23. på epost til: rogaland@skogselskapet.no

Eller tlf: 973 00 095

Program:

10.00 – 12.30 Inntektsmoglegheiter i gammelskogen


Kva verdi kan eit velstelt plantefelt ha?
‘Kva kjenneteiknar hogstmoden gamalskog?
For tideleg hogst – store inntektstap

Kva taper eg ved for tidleg hogst?
Korleis unngå å hogga for tidleg?
Skogfond – formidabel effekt på lommeboka

Kva skuldast den store effekten?
Korleis bereknar eg effekten på eigen eigedom?

12.30. Lunsj

13.00 – 16.00 Gode eksempel på velskjøtta skog i lokale

<- Tilbake

Andre nyheter fra Skogselskapet