Motorsagkurs for ungdom

Dette kurset er delfinansiert av Vestland Fylkeskommune og er tilrettelagt for ungdom som ynskjer å bli motorsagkyndige. Under kurset får ein opplæring i bruk og vedlikehald av motorsaga, sikkerheitsregler, kapping av stammer i spenn, riktig fellinng og kvisteteknikker og sikker bruk av hjelpeutstyr.

Dette kurset blir gjennomført både innandørs og ute i skogen og går over to dagar.

Kurs for: Ungdom, 15-19 år

Kvar: Innandørs og utandørs

Instruktør: Arnt Laukeland

 

PEFC kurs for skogeigarar

I haust og vinter vil Sogn og Fjordane Skogselskap tilby kurs i PEFC Skogstandard for skogeigarar. Dette kurset vil oppfylle kompetansekravet til dei fleste tømmerkjøparar for å få levert tømmer.

Kl. Dato Stad
09:00 05.nov Voss vgs.
08:30 26.nov Sandane kommunehus
09:00 06.des Vesterland, Kaupanger

 

Både teori og synfaring i felt

Kurset blir ein teoridel innandørs, der ein ser på sjølve sertifiseringa og korleis den fungerer. Oppgåveløysing med gjennomgang til slutt, og høve for diskusjon og røynsleutveksling.

Etter teoridelen vil det vere ein feltsynfaring der ein ser nærmare på aktuelle tiltak og praktiske problemstillingar ved drift og forvalting av skogen.

Kurset er til saman omlag 7,5 timar. Kursheftet Norsk PEFC Skogstandard er inkludert i kursprisen og deles ut på teoridelen.

Minimum deltaking: 5 stk (maks 15)

Begrensa kapasitet for instruktør, så ta kontakt snarast for å sette opp ein kursdag. 

Pris:

  • 650kr for medlemmar av Sogn og Fjordane Skogselskap
  • 1400kr for ikkje-medlemmar av Sogn og Fjordane Skogselskap

Meld interesse ved å sende mail til: ruben@skogselskapet.no

Kurs for nye skogeigarar

I landbruket er det lite fokus på skogbruk, som kanskje ikkje er så rart når ein skogeigar på Vestlandet sjeldan gjer tiltak/hogger skog i løpet av si tid som gardbruker.

Sogn og Fjordane Skogselskap arrangerer digitale kurskveldar for nye skogeigarar. Det vart arrangert 3 kurskveldar i april/mai 2021.
Fylkeskommunen i Vestland delfinansierer prosjektet, noko som gjer at det er ingen deltakaravgift. Men deltakarane må vere medlem i Skogselskapet (350kr/året).

Gjennom kurskvelden som varer omlag 2,5 time går me gjennom:

  • Hogst – forventing av avkasting
  • Planting – kostnad og skogverdiar
  • Ungskogspleie
  • Skatt og skogfond
  • Tilskotsmogelegheiter i skogbruket
  • Frivillig skogsvern
  • Skogbruksplan
  • Skogsbilveg
  • Spørsmålsrunde

Kurs for: Nye skogeigar, (maks deltakarar 12 stk)

Kvar: Digitalt, evt. fysisk om det er mange deltakarar frå same grend

Instruktør: Arnt Laukeland og Ruben Bøtun

 

Skogkultur – tiltak i skogen

Etter hogst er det viktig å gi skogen dei beste høva for å få fram kvalitetsvirke, slik at skogen blir endå meir verdt når den skal hoggast att i framtida. Dette inneberer ungskogpleie/avstandsregulering og/eller kunstig kvisting. Desse tiltaka er relativt billige, om ein ser på verdiauka ein får ved neste hogst. Statsforvaltaren i Vestland ser kor verdifullt dette er for skogeigar, og bidreg med å finansiere kursa, som då er gratis for skogeigar.

Kurset gjennomførast utandørs, aller helst i ein skog som er 1-4 meter høg.

Kurs for: Skogeigar

Kvar: Utandørs, helst i ungskog

Instruktør: Arnt Laukeland

 

Skogfondkurs – kortkurs for skogeigar, eller grundig kurs for reknskapsførar

Me tilbyr to ulike kurs. Eit kortkurs om skogfond som er retta mot den Vestlandske skogeigaren, og eit meir grundig kurs i skogfond som er retta mot reknskapsførar. Kortkurset er fullfinansiert av Vestland Fylkeskommune, medan det grundige kurset krevs ei deltakaravgift.

Skogeigar kan spare mykje ved rett bruk av skogfond når ein avverkar skog, og det er også viktig at reknskapsførar veit korleis skogfond-ordninga blir nytta. Ved å sette av hogstinntekt til skogfond kan ein spare mykje skatt når ein nyttar det til tiltak i skogen etterpå.

Kurset kan gjennomførast digitalt, eller fysisk i grendahus eller liknande.

Kurs for: Skogeigar/hogstentreprenør

Kvar: Innandørs eller digitalt

Instruktør: Arnt Laukeland/Skogkurs

 

Kappekurs – for skogeigar som vil utføre eigenhogst

Dette kurset er fullfinansiert av Vestland Fylkeskommune og er tilrettelagt for skogeigarar som ynskjer å hogge skogen sin sjølv. Før hogst er det svært viktig å vite kva kvalitet- og lengdekrav som er gjeldane i dag. Krava kan endre seg frå år til år, og prisenskilnaden på sagtømmer (skur) og massevirke (slip) kan vere stor, difor er det viktig at skogeigar klarar å få mest mogeleg sagtømmer ut av trestokken.

Dette kurset/skogdagen blir gjennomført i skogen der det er hogd skog, og ein kan sjå på konkrete døme på krok, råte og kvist.

Kurs for: Skogeigar/hogstentreprenør

Kvar: Utandørs

Instruktør: Arnt Laukeland.