Landbruket er ei næring som både brukar og kan produsere energi. Bli med på fagdag på Bryne den 11. november om bruk av bioenergi til oppvarming i landbruksbygg og veksthus.
Skogbasert bioenergi er ein fornybar energikjelde som kan vere løysinga for varmeproduksjon i mange fjøs og veksthus. Bioenergi i jordbruket bidreg til klimaomstilling, berekraftig matproduksjon og lokal verdiskaping.
Under denne fagdagen får ei innføring i gardsvarmeanlegg og sjå eit anlegg i praksis. Me kjem også innom bruk økonomiske støtteordningar, bruk av tre i bygg og biokol.
- Deltakaravgift: 150 kr. Avgifta blir fakturert i etterkant per epost
- Transport: deltakarane organiserer eigen transport til gardsbesøket
- Påmelding: påmelding innan 1. november. Påmeldinga er bindande.
Fagdagen blir arrangert av Skogselskapet i Rogaland, Statsforvaltaren i Rogaland og CH4 med støtte frå Rogaland fylkeskommune og i samarbeid med Innovasjon Norge, Rogaland bondelag, NLR Rogaland og Norsk gartnerforbund.
Trykk her for program og påmelding!