Innkalling til årsmøte

UTSETT ÅRSMØTE 16. OKTOBER MED PÅMELDING

Grunna korona-situasjonen vart årsmøtet utsett til i haust. Til tross for at korona-utviklinga ikkje vart så positiv som ein håpa på, inviterer vi no til eit forenkla arrangement:

Årsmøte på Brandsøy fredag 16.10.20 kl. 12.30 – 16.00

Smittevernomsyn vil bli tekne. Pga. korona-situasjonen må vi ha påmelding til årsmøtet til Svein Saure, e-post: brandsoyplanteskule@gmail.com, tlf. 913 15 495 seinast 12. oktober.

Kl. 12.30:        Servering

Kl.  13.30:        Årsmøte

  • Orientering om drifta i Skogselskapet og prosjekta våre.
  • Årsmelding for 2019
  • Rekneskap for 2019
  • Fastsetjing av medlemskontingent for 2021
  • Val og fastsetjing av tillitsvaldegodtgjersler

Vel møtt til årsmøtet !

Med helsing Sogn og Fjordane Skogselskap

Terje Engvik, leiar

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane