Line Dybedal spelar stubbekonsert i Nordfjordeid 7. august!

Line Dybedal spelar ved den nye skogsbilvegen i Nordfjordeid laurdag 7. august. 

Foto: Helle Frogner

Sogn og Fjordane Skogselskap er glade for å presentere Line Dybedal, frå Selje, som årets siste stubbekonsert-artist. Det blir aktivitetsdag for heile familien i forkant, før Line vil spele med Nordfjordeid som «backdrop». Kanskje den flottaste konsertlokaliteten i landet?

Aktivitetsdagen startar kl 12.00 ved eit hogstfelt på sørsida av Nordfjordeid, og varar eit par timar før Line Dybedal vil spele ein gratis konsert for oss. Me håpar mange tek turen oppom for denne unike opplevinga.

For meir info, besøk Facebook-sida vår: Link eller send ein e-post til ruben@skogselskapet.no

 

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane