Planteopplæring i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Skogselskap er i full gang med opplæring av norske plantørar, og berre i mai har det blitt arrangert 6 plantedagar med 60 deltakarar i regi av Skogselskapet.

Etter at det blei kjent for ålmenta at dei utanlandske plantørane ikkje ville komme seg til Noreg for å plante skog, og det var stort behov for norsk arbeidskraft har pågangen vore enorm. Fleire hundre personar har tatt kontakt med skognæringa for å arbeide både på deltid og fulltid med skogplanting. I Vestland har Skogselskapet tatt på seg oppgåva med å lære opp dei som har meldt interesse for planting. Berre i første halvdel av mai vart det arrangert 6 plantedagar og etterpå har ein del av deltakarane satt mange planter i jorda for AT Skog, Nortømmer og Fjortømmer, dei tre næringsaktørane i skogbruk i Vestland.

Samarbeid – Skogselskapet, næringa og forvaltinga

«Plantedagane er eit godt samarbeid mellom Skogselskapet, næringa og forvaltinga (Statsforvaltaren), og var heilt naudsynt når pågangen var så stor som den var. Det er fleire hundre tusen planter som skal plantast i fylke vårt, og me håpar og trur at den norske arbeidskrafta gjer ein framifrå innsats for å plante så mange planter som mogeleg. Det er naturleg at det vil ta litt tid med både opplæring og innøving av gode rutinar, men me håpar at skogplanting er noko lokalt busette nordmenn kan fortsette med i dei kommande åra også»  seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap, Ruben Bøtun.

Stor interesse

Det er ikkje berre potensielle plantørar som melder si interesse for skogplanting, også media har brukt mykje omtale på skogsaka. I den siste tida har både radio, aviser og TV frå både lokale og riksdekkande media skreve og filma om skogplanting på Vestlandet. Den store interessa for skogbruk er eit godt teikn, og det syner at fleire enn oss trur på skogbruket i framtida.

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane