Skogdagar i Vestland

I 2023 planlegger Sogn og Fjordane Skogselskap å arrangere fleire skogdagar rundt om i heile Vestland fylke.


På skogdagane blir det gått gjennom ulike skogtema som hogst, tømmerprisar, planting/foryngelse, ungskogpleie og kunstig kvisting. Ofte blir skogbrukssjefen frå kommunen med for å formidle om tilskotsmogelegheiter i skogbruket, og mogelegheiter for å nytte skogfond. Skogbruksleiar frå skogeigarlaget vil delta for å oppdatere deltakarane om tømmerprisar og tømmermarkedet.

 

Dato Klokka Stad Hovudtema
4. mai 17.00 Hundeide, Nordfjordeid, Stad Planting og skogforyngelse
5. mai 10.00 Trivselsskogen, Sandane, Gloppen Planting og skogforyngelse
6. mai 12.00 Klakegg, Jølstravegen 3740, Skei i Jølster Juletreproduksjon
9. mai 10.00 Trivselsskogen, Sandane, Gloppen Skogbruk i Trivselsskogen
15. mai 17.00 Kjølsdalen, Stad Ungskogpleie og kvalitetsfremjande tiltak
16. mai 17.00 Sandane, Gloppen Ungskogpleie og kvalitetsfremjande tiltak
14. juni 17.00 Amla, Kaupanger, Sogndal Markbereding med gravemaskin