Sommarjobb for ungdom i Sogn og Fjordane

Skogselskapet i Sogn og Fjordane lyser ut inntil 12 deltidsstillingar for arbeid i skogen sommaren 2024 (frå og med mai til og med august).

Likar du å jobbe ute, er nysgjerrig på skogbruk eller berre søkjer etter ein sommarjobb. Då har du ein kjempemogelegheit. Skogselskapet i Sogn og Fjordane leiter etter ungdom mellom 15-25 år til sommarjobb i skogen i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Dette er eit sommarjobbtilbod som i hovudsak strekk seg over minst 3 veker. Arbeidsperioden blir avtalt nærmare med Sogn og Fjordane Skogselskap.

Hovudoppgåvene for stillinga er:

  • Skogplanting, ungskogpleie og forhandsrydding

Arbeidsstad vil vere spreidt i regionen, og ein vil difor vere avhengig av at minst ein i kvar arbeidsgjeng har tilgang på bil.

Løn:

Lønn etter tariff.

Kvalifikasjonar mv.:

Du må like å arbeide ute i all slags vær og sommarjobb kan være fysisk krevjande. Du må komme deg til ein avtalt oppmøtestad på eigenhand. Du vil jobbe saman i eit lag og dykk vil ha ein arbeidsleiar som følgjer dykk opp i det daglege. Arbeidsgjevar vil vere behjelpeleg med overnattingsmogelegheiter og stå for arbeidsutstyr (plantespett, ryddesag, drivstoff etc).

Søkjarar som får tilbod om sommarjobb, blir sertifisert gjennom gratis kurs i planting, og ungskogpleie med motorryddesag. Kurset vil gå over 2-3 dagar i veke 25 eller etter avtale.

Prosjektleiar JOB:U, Skogselskapet i Sogn og Fjordane er Ruben Rundsveen Bøtun, tlf: 9576 1717

Skriftleg søknad og CV med referansar sendes pr e-post innan 31. januar 2024 til

ruben@skogselskapet.no

I søknaden må det stå:

  • Alder/fødselsdato
  • Kvar du kan jobbe (Sogn, Sunnfjord, Nordfjord)
  • Dato for når du kan starte
  • Rrelevante kvalifikasjonar (motorsagkurs/førstehjelpskurs etc)
  • Tidlegare arbeidserfaring

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane