Tag Archive for: sogn og fjordane

Kappedagar vinteren 2022

Sogn og Fjordane Skogselskap arrangerer skogdagar rundt om i heile Vestland fylke, med fokus på skogkultur, som ungskogpleie, planting, plantekvalitet, planteval, men også hogst, tømmerverdi, tømmermarked osb.

Det er fullt mogeleg å stille spørsmål både til instruktør, Skogselskapet, forvaltinga og næringa på dei dagane dei også er tilstades.

Ynskjer du/de at me arrangerer ein skogdag i ditt distrikt (i Vestland fylke). Ta kontakt med ruben@skogselskapet.no

Det blir servert bålkaffi og enkel matservering (pølser eller liknande).

Lista vil oppdatere seg kontinuerlig.

Dato Klokka Stad Kommune
02.jan 10.00 Fristad Askvoll
3.mai 10.00 TBA Fjaler/Sunnfjord
4.mai 17.00 TBA Stad (Eid)
5.mai 17.00 Ved pumpehuset til vassverket på Fløtre Gloppen (Byrkjelo)
9.mai 17.00 TBA Fjaler/Sunnfjord
12.mai 10.00 TBA Luster
13.mai 10.00 Valeberg Sogndal (Kaupanger)
16.mai 11.00 Asperheim gard Årdal

 

Familiedag & stubbekonsert rundt om i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Skogselskap lanserer i sommar eit nybrottstiltak som kombinerer musikkopplevingar og skogaktivitetar for born. Minst seks stubbekonsertar blir haldne rundt om i Sogn og Fjordane.

Skogselskapet inviterer alle barnefamiliar og andre til ein skogdag der me i tillegg til skoglege aktivitetar har fått lokale artistar til å spele føre trestubbar som publikum kan sitte på, derav namnet «stubbekonsert».

Sjølv med strenge korona-restriksjonar, så er det ingen som kan ta oss på at publikum ikkje sitt på fastmonterte sitteplassar, fortel ein nøgd dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap Ruben R. Bøtun.

Skogselskapet jobbar med å formidle skogens mangesidige verdiar, og det å nytte skogen til andre formål enn eit aktivt skogbruk er også noko som er viktig å formidle. Ikkje minst ynskjer me å løfte fram lokale artistar som endeleg kan spele føre eit publikum att! Takka vere god økonomisk stønad frå Gjensidigestiftinga, Fylkeskommunen, Statsforvaltaren og kommunane har me mogelegheit til å tilby denne familiedagen & stubbekonserten heilt gratis for dei som ynskjer å delta, seier Bøtun

Familiedagane vil starte kl 12.00, og det blir haldt aktivitetar for born i omtrent alle aldrar. Det vil vere spikking, quizar, smaksprøvar og andre aktivitetar der borna lærar samstundes som dei gjer aktivitetar. Etterpå vil ein artist/band halde ein konsert.

Det er spesielt gledeleg å invitere til konsert når det er so mange festivalar som må avlysast i år. Dette er ein av få mogelegheiter lokalbefolkninga i Sogn og Fjordane har til å oppleve lokal kultur, og me vonar at mange tek turen ut i skogen for denne unike opplevinga! seier ein entusiastisk Ruben R. Bøtun.

Det er satt opp 6 familiedagar, med 6 ulike artistar/band. Den første familiedagen blir ved Dagsturhytta i Sogndal, 300 moh. Her vil ein kunne nyte utsikta samstundes som ein høyrer på Håvard Øyrehagen sine velspelte tonar.

Det jobbast med å få endå eit par artistar, men Skogselskapet held korta tett til brystet om kven som kan vere aktuelle, og kvar det eventuelt blir arrangert.

Les mer