Haustingsdag med Johan Trygve Solheim og Fred-Arild Grøneng

16.oktober

Skogselskapet i Sogn og Fjordane inviterer alle interesserte til ein kveld med fokus på haustbare ressursar i utmarka vår.

Stad: I driftsbygninga på planteskulen. Planteskulevegen 35, 6908 Florø
Når: Onsdag 16. oktober kl. 18.00 (soppkontroll frå kl. 16.00)
Påmelding: Gratis! Men ynskjer påmelding her: https://forms.office.com/e/7MaKyLMbDL

Det vil vere hjorteslakt hengande i driftsbygninga, og servering av bålkaffi til alle som møter.

Program:

Magnus Frøyen er konsulent for vilt, skog og landbruk i Kinn kommune. Frøyen vil halde eit kort innlegg om bestandsutviklinga for hjorten i kommunen.

Johan Trygve Solheim kom til Svanøy i 1987 og starta med  hjorteprosjektet i 1990. Sidan då har Johan Trygve skapt Norsk Hjortesenter på Svanøy til ein spydspiss når det kjem til kunnskap om både hjorteoppdrett og ikkje minst korleis ein bør forvalte hjorten som er ein enorm utmarksressurs er i fylket vårt.

Fred-Arild Grøneng er soppkontrollør og vil fortelje om matsopp og nyttevekstar. Grøneng vil ta med smaksprøver av brenneslesuppe, løvetannsirup, Strutseving, hylleblomstsaft, geitramssaft og mjødurtsaft. Sjå og lær korleis ein kan kombinere sopp og nyttevekster med viltkjøt.

Frå kl 16-18 vil Fred-Arild vere til stades for soppkontroll. Ta med eigen sopp slik at Fred-Arild kan kontrollere dei.

<- Tilbake

Andre arrangement fra Sogn og Fjordane