Kappedagar vinteren 2022

Sogn og Fjordane Skogselskap arrangerer kappedagar for skogeigarar som planlegger å hogge og levere tømmer denne vinteren. På ein slik kappedag går me gjennom kvalitetskrav for dei ulike sortimenta (som skurslip/sagtømmer og slip/massevirke). Det blir også gått gjennom litt om tømmerprisar, og andre tema som er relevant ved hogst av eigen skog. Det er fullt mogeleg å stille spørsmål.

Ynskjer du/de at me arrangerer ein kappedag i ditt distrikt (i Vestland fylke). Ta kontakt med ruben@skogselskapet.no

Det blir servert bålkaffi og enkel matservering (pølser eller liknande).

Lista vil oppdatere seg kontinuerlig.

Dato Klokka Stad Kommune
06.jan 10.00 Simosetevegen Luster
7.jan 13.00 Utvik (oppmøte Klypevegen på Valaker) Stryn
10.jan 10.00 Skilta frå Reedkroa og opp Bakkane Gloppen
11.jan 10.00 Hjalmalandsvegen 343, Nordfjordeid Eid
12.jan 10.00 Fjærlandsvegen, ca 500m frå Tyldebrui i retning Fjærland Sogndal
13.jan 10.00 Hopperstadvegen Vik
14.jan 10.00 Brulandsvegen 382, Førde Sunnfjord
21.jan 10.00 Kårstad i Bygstad (Gaular) Sunnfjord
24.jan 10.00 Midttundalen, blir skilta til oppmøteplass Gulen
26.jan 10.00 Torpevegen, Øystese Kvam
27.jan 10.00 tba Voss